Ord om fjell

Kortversjonen
"Ord om fjell - ei digital fjellvandring" er eit prosjekt som vart starta opp av dei 6 biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen, Dovre, Lesja, Lom, Sel, Skjåk og Vågå, i samarbeid med Oppland fylkesbibliotek i 2010. Her samlar vi dikt som er relaterte til Nasjonalparkriket og til fjell generelt. Der det er gjeve samtykke om publisering på nettet, legg vi ut dikta i fulltekstversjon. Nokre av dikta er også innlese slik at du kan høyre på dei. Prosjektet har teke utgangspunkt i regionen si profilering som Nasjonalparkriket. Det er støtta av Regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen og Oppland fylkesbibliotek.

Vekas fjelldikt 
Kvar veke får du servert eit nytt fjelldikt i tekst, lyd og bilete. Bli med oss på vår digitale fjellvandring i "Ord om fjell"!

Meir om prosjektet
Alle biblioteka har vore med og samla fjelldikt. Ved lanseringa har vi i alt 300 dikt, omlag 100 av dei er så langt publiserte i "Ord om fjell - Diktsamlinga". Vi har i fyrste omgang leitt blant våre lokale forfattarar, men målet er å samle så mange fjellrelaterte dikt som råd frå heile landet. Det er gjort avklaringar med forlag, familemedlemmar eller andre som sit på rettane til dikta, slik at vi har fått lov å leggje dei ut i skriftleg og/eller innlese versjon. Nokre av dikta og lydopptaka har vi betalt godtgjersle for å bruke. Dikt som er skrive av forfattarar som har gått bort for meir enn 70 år sidan, har falle i det fri og kan publiserast utan samtykke.

Vi har skrive inn dikta sjølve utan bruk av scannar eller kopi frå NB Digital fordi resultatet skal sjå betre ut. Vi syner alltid til kjeldene der vi har funne dikta vi legg ut. Alle biblioteka har vore med og samla fjellbilete som skal brukast til dikta. Vi har spurt lokale aktørar om dei vil lesa inn nokre av dikta. Der det er naturleg blir dikta lese inn på dialekt. På denne måten profilerere vi også dialekta vår gjennom prosjektet. Vi ynskjer eit mangfald av innlesarar, profesjonelle, forfattarar som les eigne dikt, gamle, unge, menn og kvinner. Nokre av bibliotekararne har også delteke på kurs i leseteknikk.

Høyr dikta
Alle dikta som blir lagt ut som Vekas dikt er innlesne. Viss du klikkar på teksta under bileta kan du høyre dikta. Det finst mange typar spelarar som spelar av lyd. Viss du vil sjå diktet mens du høyrer på det, kan du laste ned t.d. VLC media player. Viss maskina di likevel vel ein annan type spelar som dekkjer heile skjermen, må du justere dette i innstillingane til nettlesaren din. Opne internett, gå til Verktøy - Innstillinger-Program og set VLC som standard. Denne prosedyra vil variere noko avhengig av kva versjon av Windows du har og kva nettlesar du brukar.

Bli med!
Dersom du skriv fjelldikt eller veit om andre som likar å skrive eller deklamere fjelldikt, er vi glade for tips!