Innlegg

Viser innlegg fra april, 2018

Enda fins dæ folk mæ kaffekjel i sækk

Bilde
Vidda ligg som ei helle tå gull,
og røsslyng og blodlyng har sylvdogg på bla'om,
og sjæle mi kjennest som fjeillmyrull.
Og dær framved stigje attmed ein foss
æ dæ så lugum ein rastplass for oss!
For enda fins det folk med kaffekjel i sækk,
oss tæk 'n fram og tænde bål ved bækk.
Da heild du trufast hanken med ei grein,
e ligg med nakka mot ein solvændt stein
og ser dæ tæva gjønnum tuten.
Ja, sup og svølg og kjeinn
kor mykje styrkjin reinn og breinn!
Og ner du attåt stire' inn i båle,
da æ dæ som um livet nådde måle!

Vidda ligg som ein botn tå bly
og regnskoidda driv over  myrdrag og måså,
og kroppen æ frosin og ynskje' se ly.
Da fins dæ eit bærg som hailla' seg ut,
der ha' dæ rætt samla seg spåkjærring-grut.
For enda fins det folk med kaffekjel i sækk,
oss tende bål om himiln sprækk og lækk.
Da heild du trufast hanken med ein kvist,
e stør meg imot bærgje akkurat som sist
og ser dæ tæva gjennom tuten.
Ja, sup og svølg og kjeinn
kor myrke strykjinn reinn og br…

Lille fru Lillian MacInTyre

Bilde
av Vegard Vigerust

Det var så vakkert eit vær,
og lille fru Lillian MacInTyre
gjekk tur på Fokstugu-myre:
"Å gid, så berusende varmt det er.
Jeg holder slett ikke ut med klær!"
Ho tok tå se trøye og sko,
så gjekk ho eit steinkast el' to.
Så våga ho tå tå se blusa
- og dæ'med så kasta ho trusa!
Slik gjekk ho på Fokstugu-myre,
lille fru Lillian MacInTyre.
Su-de-li-du, langt inni fjell!
- I dag har det sandeleg hendt nogo lell!

Det var så vakkert eit vær,
og gamle Pær-Ola Sjovasslie
kom rett på dama på sæter-stigje.
"Å gid, så aldeles skjønt det er
å være nymfe foruten klær!"
Han stod der og heldt på datt,
fekk mest ikkje pusten att:
Der stod det ei dame berr på lendom,
sko og klæe heldt ho i hendom!
"Ta frem og spill på din lyre!"
sa lille fru Lillian MacInTyre.
Su-de-li-du, langt inni fjell
- i dag har det sandeleg hendt nogo lell!

Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen, 1993, s. 24