Blod i snø

Foto: Liv Å. Mathisen
av Tor Jonsson
John Nyustumo les

No dryp det blod i snø.
Det bed frå svarte augnedjupet, 
og angestbåra bevrar gjennom hold:
Eit stakkarsting, ei livredd rjupe,
som, snarefanga, snart er død.

Det kveldar over fjell.
Og månen kliv imellom tindom,
i kalde hjartelause himmelhav.
Ein vindgust sældar snø på rindom
og kverv i kvit og månljos kveld.

Ei stjernebru er strødd,
med æveblenk i jordlivsdagar, 
ho speglar seg i svarte augnerømd.
Og nordljosteppet skjelv og blagar.
Men auga stivnar, gjennomglødd.


Her hjelp 'kje bøn, her hjelp 'kje gråt.
For livet sjølv dreg snara åt
og kvæver i den kvite snø
ei von, eit einsleg minne
om sumar over fjell og finne.

Kjelde: Mogning i mørkret, Noregs Boklag, 1943, s. 41

Kommentarer