Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2017

Mot Soleglad

Bilde
Lyd og bilete: Merete Byrøygard Frå  Haugtussa,  1895. Det stig av Hav eit Alveland          med Tind og Mo; det kviler klaart mot Himmelrand          i kveldblaa Ro. Eg saag det tidt som sveipt i Eim          bak Havdis graa; det er ein huld, ein heilag Heim,          me ei kan naa. Ho søv, den fine Tinderad           i Draume-Bann; men so ei Stund ved Soleglad          ho kjem i Brand. Naar Dagen sig som Eld og Blod          i Blaae-Myr, det logar upp med Glim og Glo          og Æventyr. Det brenn i Bræ og skjelv og skin          med gyllne Bragd, og Lufti glør' i Glans av Vin,          Sylv og Smaragd. Men av han døyr, den bleike Brand,          som slokna Glo, og klaart som fyrr ligg Alveland          i kveldblaa Ro. Eg lengta tidt på trøytte Veg          der ut til Fred; men Lande fyrst kan syna seg          naar Sol gjeng ned. Kjelde:  Haugtussa , H. Aschehoug & Co.s forlag, 1895, s. 98

Issoleia

Bilde
Foto: Morten Kielland av Aslaug Høydal. Aud Hove les. Eg sit her under Halvorshø og kjenner gufs frå is og snø. Men mellom alt det harde grå skjelv issoleia kvit og mjå. I kamp mot kulde, vind og storm får livet tidt ei vesal form - ei einsleg sjel, ein blom på fjell, eit barn i krig mot bombeeld. Det er dei våpen livet gav å rømma bort og bøya av, det veike liv vert meire várt og det som sterkt er meire hardt. Kjelde:  Alt som ventar , Ansgar Forlag, 1973, s. 40

Storskrytaren

Bilde
av Jan-Magnus Bruheim.  Synne Stensgård les . Synne Stensgård les Storskrytaren Foto: Morten Kielland Det gjekk eit bod gjennom skogen ein måneskinskveld: Haren vil drikke opp elva og lyfte eit fjell! Og alle dyra som budde nære og langvegs frå, dei strøymde saman om harepusen og ville sjå. Kattugla sat der med kloke augo utan eit ord. Ho tenkte berre:"Eg tykkjer kjeften er litt for stor." "Høyr!" hukra haren, "eg tømmer elva - om eg kjem til, og lyfter fjellet med eine labben - dersom eg vil. Men eg har tenkt meg om, må de veta, eg vil dykk vel: Drakk eg opp elva, så ville de tyrste beint i hel. Og om eg lyfte bort dette fjellet, som eg kan gjera, så hadde de ingen stad å vera!" Då svara dyra: "Det var vel omtenkte haretankar, men gjer det lell! For vi kan flytte til andre elvar og andre fjell." Han såg seg viktig til alle kantar og rundt ikring: "Ja, om e

Sommarsvevn

Bilde
Foto: Rita Mundal av Tarjei Vesaas Janne Langaas les Blågrøne tjønn-vatnet skvalpar mot steinar. Takten er sovande. Glattslikka steinar. Tusenårs steinar slikka av båra, mjukare mjukare. Først denna kvite, den grå og den svarte. Svevnfull er båra og dreg seg tilbake, så sola får steike den kvite, den grå, og den svarte den største. Steinane ventar, tyrste og brennheite, lint som i vogge, ventar på båra den nye, den nye. Våte og hissande kyss. Sov sov, alt som kan flyte fram og tilbake. Grønklare vatnet bar ingen bodskap. Opptrutna maurar har slutta å slite, flyt som eit minne om rasande gjerning. Rek-ved som mørknar buttar i stranda. Sovande flyting fram og tilbake sommaren lang. Men vinden er lenger. Vinden som ingen har sett. Vinden og båra kan ikkje tryte. Vinden og stranda og tusentals steinar. Blågrøne vatnet ber svevnen i fanget. Blågrøne vatnet har allverdens tid. Kjelde:  Liv ved straumen , Gyldendal Norsk Forlag, 1970,