Haustminne

Finn Sandum les. Foto: Merete Byrøygard
Det leikar i minne ei hending
frå fjellet ein haustfarga dag
Ein sundag eg trur det må vera
med fjellbris i solvarme drag

Gjennom vier og fjellbjørk eg vandra
På solturre rabbar eg låg
Ska tru om eg kanskje der sovna?
Var det draum eller under eg såg?

I bivrande haustsol eg ansa
at buskene slepte sitt tak
Fjellbjørk og sølvvier dansa
i myrdogg der storelgen rak

Med eitt der i haustfjellstilla
eg høyrde ein symfoni
med tonar frå eldgamle tider
som ei bru ifrå tid til tid

Tonane varleg anda
i fjellbjørkdansen sin song
I myrdoggdisen eg ana
ei hulder som dansa ein gong

Sikklet frå haustspake bekkar
gjer fjellstilla meire sterk
Som fjettra eg sit og undrast
over meisterens skaparverk

Eit susande søg gjennom lufta
bryt i min hauststille fred
I fargesprengd fullmogen røslyng
slår ei vandrande trostflykt seg ned

Eg veit kje kor lenge eg låg der,
men låg nok til sola gjekk ned
Ho sløkte dei haustvarme strålar
og stille la kveldsdogga ned

Kjelde: derfor, Finn Sandum forlag, 2016, s. 11.

Kommentarer