Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2016

Altere

Bilde
Ragnar Solberg les sitt eige dikt . Foto: Mette Josten av Ragnar Solberg E fell på kne her ved villfjellet kvitt og takka de' kjærest, for alt det som æ ditt – din  skafna og eld. På de' sole fyst renn og sjå de' alterljos kyrkjestilt brenn. Suset tå høgtid frå myrtne på jord og djupe skjølva som i hjærta' mitt gror bli' e alder fri; men tindan dine står og vitna som ein dråm um evig vår. E kysse så glad di is-skura ur og e takka i bøn ein stor og sterk natur som  i nåde  ga – Kvite bringa på de' som lyse tå lengsel vill gje me' fred. Kjelde:  Is-Gud. Dikt på Dovre-mål , H. Aschehoug & Co., 1937, s. 208

Bergbruri

Bilde
Aslaug Vaa les sitt eige dikt, NRK, 1954. Foto: Aud Kvamme av Aslaug Vaa Kvar er lykka? Stundom i eit vatn der himilen speglar seg - der nutar og lidar og nes sym som i ein glidande draum. I kveld er det i eit fjøllvatn, mektugt og breidt med æar som fysser uti, kvite av isen fraa fennan paa vidda. Og bratte reinar med bjørkekrullar og rape og viu og tett grøn brisk stend paa skallen i vatnet. Ei bergbrur stod i ufsi og sprikte med den kvite                                                                  serken sin og spegla seg att djupast i vatnet, med´ tusen sjønnur dansa ut fraa dei grøne skaalin. Ho er som lykka millom to menn´skje. Ho er ikkje tidt aa finne, men ein dag stend ho der, i harde berget, og daa er ho ansleis enn alt anna. Naar bergbrurin speglar seg i myrke fjøllvatn, er det to som smiler til einannan, er det to som vaknar or draumen sin. Naar bergbrurin drys sjønnun sine ivi vassflata er det to hugar som flyt ihop og laugar seg