Syng åt meg

av Olav Kringen
Høyr diktet. Foto: Morten Kielland

Syng åt meg ei gåmeill vise, som har ljom frå høge fjell.
Kanskje det kan gje meg lise, ner det lakka seint mot kveld.
Vidt umkring eg for og flakka, utpå viddom vi`e;
vegen ofte gjekk mot bakka, bekkjin au va stri`e.

Obrøytt va det lange leite; ingen kjenning fekk eg sjå;
inkje fann eg kjende reite, - altfor langt te heimatt nå.
Inkje onder at eg stonda hit åt gamle stellom;
kvar ein kveld eg låg og blonda høyrd eg ljom frå fjellom.

Syng ein song eg aldri gløyme, syng um berg og sætervoll;
syng um alt som gjentun drøyme, syng um hulder og um troll!
Syng med heimsens eigne sange, - bringa brenn og lågå -,
syng døm ut frå mork og vange, alle net´ og dågå.  

Kjelde: Årbok for Dølaringen, Gudbrandsdal boklag, 1935, s. 46

Kommentarer