Stemning

Merete Byrøygard les. Foto: Ukjend
av Jakob Sande

Vårbleik måne i aust over snø og skinande skare,
snøgge, krossande far etter rev og rømande hare.

Veikt og skimrande ljos gjennom bleike, kveldstille stunder,
kvite, toppande skavlar med skuggen sovande under.

Audt og einsamt i fjell går eit myrkt og kvervande skifar,
mjuke, tagale spor av to nær og jamsides skipar.

Ven, eg høyrer din pust som ein livsens straum ved mi side,
skuggen ser eg ved min over snøen leikande glide.

Ven, snart er natta vår, og din veike fot skal få kvile,
lunt og trygt i min arm skal du trøytt og lukkeleg smile.

Kjelde: Jakob Sande: Dikt i samling, Gyldendal Norsk Forlag, 1998, s. 211

Kommentarer