Lat meg då vandre

John Nyutstumo les. Foto: Morten Kielland
av Aslaug Vaa

Stundene
då eg drakk meg utyrst
av livets kjelde,
kjem att og att
og lyser over mitt livs ulende
som eit Himalaya.
Dei fjerne tindar
i snjoglansen ovanfor voksterlina
er mine mål.

Lat meg vandre
som ein liten på jord,
- eg må fomle og bie
- og må finne dei små stigar,
nesten usynlege
til mitt Himalaya.

Kjelde: Aslaug Vaas beste, Samlaget, 1993, s. 43

Kommentarer