Bergteki

Magnhild Bruheim les. Foto: Morten Kielland
av Jan-Magnus Bruheim

Langt nord i fjellom, i månskinsnet,
sat det ein eldgamal fusse og let.

Han sat der og hildra den bleike dverg
og trolla ungmøy i band og berg.

- -

Der sat ho innstengd, med gull ikring.
Alt var som utbleikte, gamle ting.

Ho sjøl var utblømd. Ungdomen sveik.
Togni var hard. Og dagen bleik.

Gullrike var ikkje lukkeland -.
Ho stunda etter ei barnehand.

Eit levande lite som ropa mor.
Men einsemdi gaper så stum og stor.

Ho kan ikkje føde ei levande von,
for gulle evnar kje avle bon.

Ei morssjel ligg bundi i hold og hug.
Det regnar så stilt ned i lauvfallskog -.

Med regndropan klaska og haustvind let,
sat ho åleine i lange net.

Ungmøyan hildrast når trollmann læt.
Dei høyrer kje hikste frå henne som græt.

Dei ser berre gullskin og glimestein.
Og månen som spelar i sylvslørd grein.

Fjellveggen går upp, og tek dei inn.
Rikdomen frøyser med steinmann-sinn.

Der må dei lengte ei levetid.
- Einsleg blæs lauvsblad i haustbrun ild. -

Trolltye sit på sin rikdoms skatt,
og narrar ei ny kvar enda natt.

Kjelde: Dikt i utval, Noregs boklag, 1981, s. 12

Kommentarer