Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2014

Eit stort tre

Bilde
Magnhild Bruheim les. Foto: Morten Kielland av Jan-Magnus Bruheim Langt nordmed Liavatnet står det så stort eit tre. Ikkje ein mann i verda kan makte å hogge det ned. Om sju hundrad småborn gjekk i ein ring, dei greidde så vidt å nå i kring. Når brisen rører ved baret blir det ein mektig sus. Konglene raslar og ringlar, store som hundehus. På botnen av barnål-klufta fuglane byggjer og bur. Med ungane blir tretti tusen - eller det talet du trur. Eg stod der forundra og lydde - det var visst i fjor ein gong - og høyrde at alle fuglane kvitra, det var som om treet song! Greinene sopar himlen når det er nordanvind så skyene jagar som skræmde troll mot Jotunheimane inn. Det står der og fingrar med stjernor når himlen er nattdjup og klår, og fangar stjernskot i lause lufta og festar dei i sitt hår. Og det er det store treet - så veldigt og tungt eit tre at skuggen som eingong fall ned knuste ein titonns lastebil til ti tusen leiketybilar og femt