Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2013

Det er stilt

Bilde
Even Lusæter les. Foto: Merete Byrøygard av Olav Øygard Det er stilt på sætervangen medan natti myrk sig på. Einsleg lyt eg kringum sviva, ingenstad er liv å sjå. Det er stilt i alle åsar, no dei søv båd' folk og fe. Berre eg må gå og driva, berre eg er utan fred. Det er stilt, og gjennom lidi lyder korkje song ell' ljom. Eg som tenkte du skuld' koma ung og glad som fyrr du kom. Det er stilt, men stjerneauga det er like blidt som då. Tru det skal ei helsing bera frå den ven eg ei kan nå? Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 29