Staale paa Fjellferder

Ann Kristin Leirmo les. Foto: Merete Byrøygard
av A. O. Vinje

"Til fjells, til Fjells upover Dal og Lid
og over Bekk og Aa med Straumen strid,
og so fram etter Kult og Knatt og Koll
med Bakkedrag på mosagrodde Voll.
So lenger burte seer du Topp og Tindar
med kvite baand ikring som breide Lindar,
og svarte Ryggar att' og fram seg krossar,
og millom Sidebeina storknad Fossar.

Du gjeng og stend, og fram du strævar paa
og set deg ned og kringom deg lyt sjaa.
Du pusten er og aldri nok kan faa
af dette Syn, som sigler i det Blaa.

So leitar du ikring og seer og gjeng,
og legg deg ned paa mjuke Mosasæng.
Du skjelv af Liv, og hjarteslaget læter.
Det svarte Blod vert raudt i denne Æther.

A! kjære Bymann gakk ei stjur og stiv,
men kom her up og kjenn eit annat Liv!
kom hit, kom hit, og ver ei daud og lat!
kom kjenn, hot d'er som heiter Svevn og Mat,
og Drykk og Torste og det heile, som
er Liv og Helse i ein Hovudsum.

Og Tanken, denne Fugl fraa Ljos og Dag,
her slær han sine sterke Vængeslag,
og fyker fortare enn alle Vindar
burt over alle desse haage Tindar.

Der var 'kje Under Fjellets Gut var Kar,
og stødt på Slettelandet Herre var,
og bar der ned sitt Vit og Tungemaal
paa Odden af sitt gode Armestaal.

Du altid saag, at Fjellet var mot Flaten
som Aand og Tanke mot den kjære Maten.
Dei hanga maa ihop, men stendig Strid
der var imillom deim kver evig Tid.
Gramt Fjellet var, men alt i senn det lo, ja
som daa Achilles kjøyrde kringom Troja
med Lansa retta fram til Knas og Knus,
og "bringeplata skein som Sirius"." *

So kvad det eine Aar han var på Ferda,
og reiv seg laus fraa Bok og Heimestad.
Og det som so det andre Aar han kvad,
det var sovidt eg veit paa denne Gjerda:

"Til Fjells eg atter lyt og ut meg lufta.
Mi Sorg heng heime som den slitne Kufta.
Og all den Lærdom, som eg gjenomsøker,
stend heim' i Hylla der med mine Bøker.
No er eg fri, no vil eg ut aa ferda,
og so af Folk og sjølve Livet læra. –

So ut om Jonsok – dette er ei Gaate,
kvi so det er, at Gauken tagnar daa,
men dette er, som me af Bøker sjaa,
for det at Mo'r hans kjøvdest af ei Saate –
so ut om Jonsok, daa naar Gauken tagnar,
og Snjoen up i Høgdom braanar af,
med Skreppa paa eg tek i haanda Stav
og stryk fraa Staden ut og Fjellet fagnar.
Til saare Fot i Flaska er ein Dram.
Eg gjeng so vaat i Regnet at det surkar.
Men naar so atter Sola skiner fram,
so gjeng eg der og Sveitten af meg turkar,
og i ein Skugge ned eg so meg sleng
med Skreppa skuvad up til Hovudputa,
og ser paa Sky som der i Lufta gjeng,
og Hengjebjørkar, som ikring meg luta.
Og ned i Dalen høyrer eg ei Aa
og in med meg den vesle Bekken sikla.
Eg rekker Loven ut for drykk aa faa *
af kalde Dropane, som ned i tikla.

So ris eg up og gjeng frametter glad,
so glad at heile Livet eg kan kyssa.
So kjem eg til ei Aa med Fosse-Rad
og set meg so der ned og seer det fyssa.
So gjeng eg framigjenom der og ruggar
imillom raude Furor der paa Mogom. *
So lengna dei ikring meg alle Skuggar,
og sidste Solegloden ligg paa Skogom.

So lid det paa; so kjem eg fram til Gards;
men Ingen er i Huset der til svars.
Eg bankar paa og gjeng der og meg leidar.
Dei hava lagt seg eller er til Heidar. *
Paa Laaven seer eg Høy, der so eg gjeng,
dit smyg eg in og lagar meg ei Sæng.
Eg er so trøytt, og dubbar af og dovnar,
og er so svide-svolten, men eg sovnar.

So finn eg Folk, om ikkje Alle gilde,
men som til Vederlag so god' og snilde.
Dei liggja, stakkar, der i Stein og grava,
og gjeva Ferdamannen det, dei hava.
Han smakar godt, den grov' og turre Biten,
naar so du gjeng der svolten, trøytt og sliten.

So seer eg der utover Alle Ækrom.
So hægnar det, so kjem eg up til Sætrom.
Der møter Kjøling for i dal det heite,
og fraa det turre kjem du til det feite.
Du til eit ukjent Land maa tru deg trollad
paa Krakken der kring store Rjome-Kolla.
Som beste Sukker det paa Tunga braanar,
og smakar slikt, at d'er so mest du daanar.

So kjem fraa Bjørkelid nedetter Sveen*
den heile gilde Bøling in paa Kveen.
Han er 'kje rædd, den vesle spræke Guten
som jagar med ein Paak den store Stuten.
Og Gjenta der med Sylja si paa bringa,
ho møter ut med salt og Mjolke-Ringa.
Og Kyne kring 'a trodka i ei Klyngja,
og etter Salt og Mjolking alle drynja.
Ho mjolkar paa, og ut og in ho elter,
og over Mjolkeringa Froda velter.
Ho fort verdt ferdug, for so paa ho kilar,
og Mjolka up i kvite Kollor silar,
og ut i Buda desse set paa Hjelden.
So tvær ho up og kokar so til Kvelden.
So Sænga burt med Veggen up ho reider,
og up for deg i andre Rumet breider. –
Du alle Ostar tel i Rad paa Hjeldom.
So burt du seer til Snjoen nord paa Fjellom.
So ut du gjeng i Kveldens beste Kjøling
paa Bøen millom all den fagre Bøling,
som Legustaden sin i Lygnet* veljer,
og Jorten* skyter up, og ned den svelgjer
og mot kverandre in, i kaldt, seg tukkar,
og dreg i tunge Andardrag og sukkar.

Der ligg ei Vigsel over heile Bøen,
og ut paa Fjellom sloknar Solegløden.
Det dimmest af. Slik Dag du aldri gløymer.
Og inne finn du Sæng af beste Slag.
Du sovnar inn med Takk for slikein Dag,
og sunne friske Svevnen aldri drøymer."

Kjelde: Skrifter i samling. B. 5. Einskilde dikt ; Umsetet dikt og vers ; Storegut ; og Staale, Cappelen, 1921, s. 372




Kommentarer

  1. Thanks for sharing, nice post! Post really provice useful information!

    Giaonhan247 chuyên dịch vụ mua hàng mỹ từ dịch vụ order hàng mỹ hay nhận mua nước hoa pháp từ website nổi tiếng hàng đầu nước Mỹ mua hàng ebay ship về VN uy tín, giá rẻ.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar