Innlegg

Viser innlegg fra april, 2013

Bekken

Bilde
av Olav Øygard

Den vesle bekken på fjellet sprang
og ned i dalen han trådde,
han tenkte ikkje på vegen lang
fyrr ut i havet han nådde.

Han sette avstad med song og sprett,
so kvit mot steinen han skuma;
og ned i dalen han nådde lett
der fossen dura og bruma.

Men ei han ansa um fossen skreik
so grovt at folk mest kje sansa;
han hivde seg i den ville leik
og lett på foten han dansa.

Og sidan saman dei for sin veg
til dei i sjøen fekk runne.
Der fekk han liggja og kvila seg,
for han sitt mål hadde vunne.

Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 23

Kuran og Turan

Bilde
av Ragnar Solberg

Kuran og Turan
og høyr kor det læt.
Den eine skratta,
hin sutra og græt.

Kuran og Turan
med sløng og med hopp
og skinande blank
og ormlugum kropp -

Kuran og Turan
snart snar og snart sein
blenkje og myrktna
og kjæla kring stein.

Sprett upp og spræna
og græv kvar åt se' -
glætt over svaberg
og spring messom te'.

Kverville kvitna
i kryss og i kross.
Før du veit ordet
er Kuran ein foss.

Men Turan knurra
og kvasst blir'n sint.
Han tær seg drag att
 - og detta gjekk fint!

Han små-klukka glad:
- Eg fekk større fall ...
Og Turan tura
og tralla ein trall.

Kuran og Turan?
Er det du som spør:
Viltre krabate
og to tvillingbrør.

Kuran og Turan
er fjellbekkje tvo -
møtes i sjøe
og stilt fell til ro.

Alle ligna oss
slike tvillingbrør
som famna  'n an'
i glømsel og dør -

Kjelde: Livsskurd, Aschehoug 1950