Blodraudt rav

Even Lusæter les diktet. Foto: Merete Byrøygard
av Audun Høgbrenna

Vårt solauga kveldar i blodraudt rav.
Og morelden spelar i kvelds-audt hav.

Vindstille tussmyrke kveldar i nord
kvelver seg tunge mot storhav og fjord.

Stormkast og kuling ein seinsommarkveld,
kurande stillheit i sjøfugelfjell.

Barskog og lauvskog frå fjellbryn til strand,
fjordar som tøyer seg innover land.

Høgfjell og vidde og nordlys og snø,
flatbygd og fjellbygd med oppdyrka bø.

Dette er Noreg med høgfjell og hav.
Og kveldssol som badar i blodraudt rav.

Kjelde: Innafor glaset, eige forlag, 1993, s. 80

Kommentarer