Kveldsbønn


Bjørn Sigurd Glorvigen les.
Foto: Sina Byrøygard
av Ragnar Solberg

Kvelds-skye græt tonge gulldróp
- dryp siste tåran på Svart-tind,
og vind klågå eit æverop -,
det stønna frå fredlause sinn.

Og fredlaus er eg, vildt forlatt
i mi sjel -, slik ein far kann bli
som einsleg bøygje seg mot natt
der skrekken har djup-rote si.

Men bøgd og pint tå tru og tvil
med onde makte kjøtet bit
fær hjærta mitt eit lykke-smil
og sætt åt Deg ein bånsleg lît.

Skåpå meg, Gud, i tankjin din
til ein solgnest i mårgåbrann
som skin for bonom på Kvit-tind
- da søv fredfull ein bønnhørd mann.

Kjelde:  Dikt i utval Oslo : Aschehoug, 1968

Kommentarer