Inni Veslglupen
Foto: Mette Josten |
Eg veit ein stad
inni ville fjellet
der alt er forvitra
til berg og stille
og bekblått vatn
Dit kom eg ein gong
ein tidlaus regndag
Midt i det myrke urtidsandletet
alle steinskapte landskap ber
stod eg og kjende kroppen krympe
til inkjes mot det å vera
den eldste av steinane der.
Vart som eit vinddrag gjennom glupen
- lett over lendet og så: forbi
medan steinen og vatnet og stilla
låg der dei ligg til evig tid.
Der inne har lendet sett seklar gå
i uforanderleg øyde og storslegen togn
og visste det ikkje. Og eg, som veit,
skal vera eit vinddrag og sidan døy.
Kjelde: Ho inni meg, Dølaringen, 2001, s. 59
Kommentarer
Legg inn en kommentar