Nordved Sjong

Foto: Rannveig B. Bakken
av Tor Jonsson
Even Lusæter les Nordved Sjong

Eg går her og vinglar og vimar
på strendom ein stad nordved Sjong.
For minnet krev sine timar –
og helst vil det ha ein song.

Eg set meg varleg og ventar
til tida går att og bak.
Og kvelden kjem att og hentar
eit gloande månevrak.

Kveldsvinden hullar ein springar.
Og kvelden gøymer ei natt.
På vatnet gjer fisken ringar,
dei kverv og kjem aldri att –

Da klårnar det opp eit minne
på strendom ein stad nordved Sjong:
Ein kveld eg møtte ei kvinne
for fyrste og siste gong.

Og augo dei smilte: Tak meg.
Men tanken kalla det svik:
Brenn ikkje bruene bak deg.
Slikt er for den som er rik.

Men sumaren vart til ein domar:
Syt 'kje for lekam og sjel.
I bergom står tusen blomar
og blømer seg beint i hel.
– – –
Bårene bevrar kring osen,
og månen sår sylv over sjo.
Og dagen legg atter kosen
mot vest og vert borte i blod.

Men ingen, nei, ingen skal finne
mitt far i fjellom ved Sjong.
Eg ber på ei sorg: Eit minne
om fyrste og siste gong.


Kjelde: Mogning i mørkret, Noregs Boklag, 1943, s. 23

Kommentarer