Heimstaden

av Olav Øygard

Eg veit meg ein stad mellom nutar og fjell
med stupbratte lid, der som fjellbekkjer fell.
Sigrun Eide les diktet. Foto: Sigrun Eide
Der ofte det bles frå den iskalde pol;
men stundom der vermest av midsumarsol

Ja fjellet det stig no so høgt og so hardt
der fram for vårt auga i grått og i svart.
Men innunder stend ho den skogklædde lid
so lysande fager ved høgsumartid.

I dalen der nede der ligg han vår gard
og det er no arven frå far etter far.
Um jordi er mager og skrinn til å sjå,
ein likevel vokster av henne kan få.

Eg likar best når eg heime fær bu
og stella med jordi og vollarne snu.
Eg heidra vil arven som fedrene gav,
til eingong som dei eg vert lagd i mi grav.

Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 32

Kommentarer